Kaspo

Pressemelding

Bildetekst: Frå venstre: Kjetil Thu ifrå Kaspo Maskin, Kurt Magne Kvernøy, dagleg leiar i Sunnhordland Technologies og Magnar Sellevoll, eier av Kaspo Holding.Trioen skal nå utvikle en framtidsretta fabrikk for framstilling av komponentar til industrien. Bildet er tatt på Rubbestadneset kai, hos Sunnhordland Technologies, i forbindelse med siste finpuss på samarbeidsavtalen.

Sunnhordland Technologies realiserer autonom fabrikk

Den unge bedrifta Sunnhordland Technologies på Rubbestadneset har arbeidd målretta sidan oppstart i 2018. No har dei fått med seg nye og sterke eigarar i satsinga på ein revolusjonerande autonom fabrikk.

Sidan oppstarten har Sunnhordland Technologies arbeidd med opplæring i Industri 4.0, digitalisering og robotisering. No tek dei med seg denne kunnskapen når dei skal realisere sin nye autonome maskineringsfabrikk.

  • Dette er ein idé me har arbeidd med heilt sidan starten. No har me fått Kaspo Holding med på eigarsida, noko som styrkar oss. I tillegg trur Innovasjon Noreg på prosjektet vårt og støttar det med naudsynt kapital, fortel dagleg leiar Kurt Magne Kvernøy.

Lokalutvikla teknologi

Mykje maskineringsarbeid i Noreg er «flagga ut» til lågkostland dei seinare åra. Det ynskjer me å gjera noko med. Me nyttar teknologi som er utvikla her i Sunnhordland saman med dyktige partnarar.

  • Me ynskjer ikkje å produsere komponentar sjølve men å styrke norske produksjonsbedrifter si konkurranseevne, seier Kvernøy vidare.

Den spesialdesigna fabrikken vil trenge omlag 150 kvadratmeter. Målsetnaden er å hauste erfaringar frå prototypefabrikken og lage fleire etter same lest på sikt.

  • Denne veka har me bestilt komponentane til fabrikken. I løpet av 2021 skal fabrikken vere «oppe å gå». Endeleg plassering har me enno ikkje bestemt, men me ynskjer aller helst å plassere den her i vår region.

Mange og gode medspelarar

Sunnhordland Technologies har bevisst bygd nettverk med lokal industri i Sunnhordland, Rubbestadneset VGS og Høgskulen på Vestlandet undervegs, og det er etablert relasjon til Sintef og Norsk Katapultsenter siste året.

  • Me er del av Atheno sin inkubator. Det har vore ein døropnar for oss både mot industribedrifter, andre innovasjonsbedrifter i inkubatoren, investorar, forskingsmiljø og virkemiddelapparatet. Å lande eit slikt prosjekt krev gode sparringpartnarar, investorar og finansielle støtteordningar, slår Kvernøy fast.

Inkubatorleiar Kjetil Djuve i Atheno har følgt Sunnhordland Technologies sidan starten.

  • Gründerane i Sunnhordland Technologies er flinke til å tileigne seg kunnskap og til å fokusere på det som er hovudsatsinga til bedrifta. I tillegg er dei flinke til å spele kvarandre gode. Eit velfungerande team er heilt avgjerande for å lukkast. Noko eg trur dei vil gjere!

Sunnhordland Technologies ynskjer no å komme i kontakt med selskap i regionen som kan ha interesse om å høyre meir om den autonome fabrikken, enten som framtidig kunde eller investor.

  • Vi takkar alle som har støtta oss så langt og ser veldig frem til å komme i gang med prosjektet nå i november, avsluttar Kurt Magne Kvernøy.

Tidligere poster

Besøk av MRMaskinregisteret

Flott omtale av i4Factory hos MRMaskinregisteretLes mer her:https://www.maskinregisteret.no/article/view/862569/i4_factory_fremtidens_produksjon_uten_folk?fbclid=IwAR3M0kQXOGPv93M7J7TVuz52L2LPGzdhDSDlSaN88M9rzl5b_u6onpvd2Ic

Les mer »

Share this post